Ledig stilling som førstekonsulent ved Holbergprisens sekretariat

Publisert 30.01.2018
Ynskjer du å arbeide med elevar i vidaregåande skule og forsking innanfor human- og samfunnsfaga? Holbergprisen utvider sekretariatet med ei fast stilling (100%) som førstekonsulent, primært knytt til Holbergprisen i skolen.

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå vitskapleg arbeid innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen delast ut årleg og er ein av de største av sitt slag i verda. Nils Klim-prisen, som delast ut til yngre nordiske forskarar, og Holbergprisen i skolen er òg del av Holbergprisens portefølje. Holbergprisen i skolen er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen innanfor fagområda Holbergprisen dekkjer. Frå og med 2018 vil talet på deltakande skular gradvis bli auka frå 12 til 20, og på sikt vil konkurransen då involvere opp mot 1000 elevar frå heile landet.

Holbergprisen vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.  Holbergprisens sekretariat har ansvar for dei tre prisane og arrangementa knytt til desse. Sekretariatet består i dag av fire administrative og ei fagleg stilling. For meir informasjon om Holbergprisen sjå: www.holbergprisen.no.

Ved Holbergprisens sekretariat er det ledig ei fast stilling (100%) som førstekonsulent, primært knytt til Holbergprisen i skolen.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevar og lærarar som deltek i prosjektet, inkludert besøk til deltakarskular i heile landet.
  • Arbeid med formidling og informasjon overfor dei vidaregåande skulane, fylkeskommunen, medium og andre samarbeidspartnarar.
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement knytt til både Holbergprisen i skolen og anna verksemd ved sekretariatet.
  • Oppfølging av sosiale medium, nettsider og anna tekstarbeid knytt til Holbergprisen i skolen og andre prosjekt i sekretariatet.
  • Ta del i andre oppgåver i sekretariatet si daglege drift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar bør ha mastergrad frå eit relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk. Det er ein føremon med erfaring med tekst- og informasjonsarbeid.
  • Pedagogisk erfaring og kompetanse er ein føremon.
  • Erfaring frå koordinering og planlegging av arrangement er ein føremon.
  • Evne til å ta initiativ, vere fleksibel, handtere mange oppgåver samtidig, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig, og vere ein god lagspelar i en liten organisasjon.
  • God administrativ IT-kompetanse og erfaring med nettpublisering.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 47 - 53 (kode 1408/LR 21, alternativ 4-8) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 410 500 – 452 400.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

Prosjektleiar Solveig Stornes, tlf. 55 58 69 92 / e-post solveig.stornes@holbergprisen.no, eller faglig leiar Ellen Mortensen, tlf. 48220407 / e-post ellen.mortensen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å gå ei balansert alders- og kjønnssamansetning.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga her

Søknadsfrist: 27.02.2018