"Alle drøymer om natta": Intervju med Stephen Greenblatt

Publisert 05.05.2016
Kva er stiane og hendingane som har ført Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt dit han er i dag? Kvar går vegen vidare? Korleis vil humaniora overleve i framtida? Det er nokre av spørsmåla Greenblatt svarar på i dette eksklusive intervjuet.

Så lenge han kan hugse, har professor Stephen Greenblatt vore omringa av forteljingar. Frå mor hans sine forteljingar om Fryktelege Stanley, som gjorde alle dei tåpelege tinga unge Stephen aldri fekk lov til, til far hans sitt vell av vitsar som han delte lystig med bekjentskaper på Bostons gater i 1950-åra.

I Greenblatt vaks det av dette fram ein lidenskap for å studere og respondere på litteratur, særleg dei litterære verka med forteljingar som vi strevar med å gripe, samstundes som dei er betydningsfulle for oss.

– Eg hadde ein lærar på vidaregåande som heitte John Harris. Han verka som han visste alt og forstod alt. Så, på eit tidspunkt medan vi studerte Kong Lear, sa han: "Eg skjønar det ikkje, sjølv etter all denne tida". Det slo meg at sjølv denne mannen, som forstod alt, hadde komme til noko som representerte ei grense, og han kunne innrømme denne grensa. Han kunne innrømme at han ikkje forstod det, og likevel halde fram. Sjølv om du aldri når slutten, og truleg aldri vil forstå, så held du likevel fram med å kverne på det. For meg var det ei kraftfull oppleving som eg aldri heilt vart ferdig med, seier Greenblatt.

Litt som kjærleik

Likevel var Greenblatts veg til humaniora langt frå meisla ut. Tanken var at han skulle studere juss, slik som far hans og bror hans hadde gjort før han. Så, på eit tidspunkt medan han var utvekslingsstudent ved Cambridge, stod han på Galata bru i Istanbul med to brev i hendene. Det eine ville føre han til juss-studier, det andre ville føre til vidare litteraturstudier.

– Eg heldt dei to i hendene mine, og så, impulsivt, reiv eg sund brevet frå jusstudiet og heiv det i elva. Eg anar ikkje kvifor eg gjorde det. Det er litt som kjærleik. Det som betyr noko er ein slags djuptliggande impuls. Du kan forklare det i ettertid, men der og då er det ekstremt vanskeleg, seier han.

Nye retningar

No forplikta Greenblatt seg til humaniora, og han dykka djupt ned i litteraturvitskapen. Han tilnærma seg dei etablerte normene i faget med eit kritisk sinn, og dette førte til at han etablerte retninga "nyhistorisme" innan litteraturvitskap.

– I den amerikanske formalistiske utdanninga eg hadde fått, var det å dra fram den historiske ramma rundt det litterære verket sett på som uinteressant. Det som betydde noko var at verka heva seg over omgjevnadane sine og kunne innta ei anna sfære, der dei kunne bli sett på som universelle. Eg og min generasjon hevda at å snakke om det universelle skjulte underliggande maktstrukturar. Korleis kan du til dømes lese Edmund Spensers Alvedronningen, som snakkar om måtehald, kjærleik og rettferd, utan å forstå at han var ein kolonist i Irland, der engelskmennene prøvde å svelte irane til underkasting? Det var ei tid på 60- og 70-talet då vi måtte insistere på at slikt høyrde med i diskusjonen. Der finst ei delvis skjult historie bak verka, seier Greenblatt.

Berge eller ta livet av oss

Når det kjem til den mykje omdiskuterte krisa i humaniora, let Greenblatt seg ikkje skremme.

– Humaniora er ikkje unnverleg. Grunnleggande avgjerder må takast, og desse må takast ut frå kven vi meiner at vi er som menneske, spørsmål som forfattarar og kunstnarar har streva med i fleire hundre år. Det mest spennande i verda i dag er den teknologiske revolusjonen som kan anten berge oss eller ta livet av oss. Livsviktige avgjerder  vil måtte takast, og det einaste håpet om å ta dei rette avgjerdene, er å kombinere og integrere vitskapane og humaniora.

Eit feilaktig skilje

Ein anna misoppfatting Greenblatt vil til livs, er skiljet mellom dei utdanna og uutdanna innan litteratur.

– Det fantastiske med litteraturstudium er at den menneskelege fantasien er ei ein universell eigenskap. Det verkar som eit svik å behandle den som om det var noko som høyrde forfattarar, akademikarar og kritikarar til. Alle drøymer om natta. Dei mest ordinære personane skaper historier i søvne kvar natt, og opplever kunst heile tida. Det er noko gale med oss om vi ikkje forstår at vi lever i ei verd der skilja mellom dei som får slike ærer som den eg har fått, og er svært takksam for, og dei som vaskar golva og tømmer søppelbøtta, er feilaktige. I realiteten er vi berre verde noko fordi vi bur i det same universet og deler våre fantasifulle liv med kvarandre. Det må vi.

Høyr heile intervjuet (engelsk)

Intervjuet er produsert som ein episode for podcasten U-dan.net, av Knut Melvær, som også er intervjuar i opptaket.

Høyr prisvinnarintervju frå tidlegare år.

Er du interessert i å høyre episodar med tidlegare prisvinnarar og andre tema relatert til Holbergprisen? Last ned episodar frå U-dan.net som podcast eller straum direkte frå nettsida.