Møt årets Meisterklasse-deltakarar

Publisert 12.05.2016
Fem PhD-kandidatar frå dei nordiske landa er valde ut til å delta på Meisterklasse med Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt under årets Holbergveke 6.-9. juni.

Av 20 sterke søknader er fem PhD-kandidatar ved nordiske universitet valde ut til å få delta på Meisterklasse med Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt med temaet opphavsforteljingar.

Dette blir panelet:

Mark Hau_justert.jpgMark Friis Hau frå Aarhus universitet. Alder: 28.

«My work centers on why (and how) specific humans have constructed particular accounts of their earliest beginnings; I study not the origin of people, but the origin of a people. A Masteclass with Professor Greenblatt will greatly illuminate the universal, human aspects of orgin myths - hopefully inspiring my research in exciting, new directions.»

Mark Hau er PhD-kandidat i Europastudiar ved Aarhus universitet og forskar på samspelet mellom nasjonale og europeiske identitetar i dei statslause nasjonane Skottland og Catalonia. Som politisk antropolog har han gjort etnografisk feltarbeid i Barcelona blant medlemmar av Esquerra Republicana de Catalunya, og i Skottland med det skotske nasjonalistpartiet. 

 

Tirosh.JPGYoav Tirosh frå Universitetet på Island. Alder: 30

«The way we talk of our beginnings has more to do with our present than we usually realize, and I am excited to explore this notion more in depth.»

Yoav Tirosh fullførte ei bachelorgrad i historie ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem, og flytta deretter til Island for mastergrad og PhD innan gamal islandsk litteratur, under rettleiing av professor Ármann Jakobsson. Hans fremste akademiske interesse ligg i studiet av kulturelt minne og sjanger, og i doktorgradsprosjektet tek han føre seg desse tema i kontekst av dei overlevande mellomaldertekstane frå den gamle islandske Ljósvetninga saga.

 

Godeline Perk_mellombels.jpgGodeline Gertrude Perk frå Umeå universitet. Alder: 30

«Being intrigued by every “In the beginning” and “once upon a time”, I cannot wait to discuss the stories humanity tells of itself.»

Godeline Perk skildrar seg sjølv som ein bokorm frå Nederland og PhD-kandidat i engelsk litteratur ved Umeå universitet i Nord-Sverige. Mange emne og litterære sjangrar fascinerer henne, men forskinga hennar handlar om den første engelske kvinnelege forfattaren, Julian of Norwich (ca. 1342 til etter 1416), undersøkt innanfor rammene av narratologi og middelaldersk litteraturteori på folkespråk.

 

Carlos_justert.jpgCarlos Hernández Garcés frå Universitetet i Oslo. Alder: 36

«A magnificent opportunity to come to grips with the thorny question of origin stories under the guidance of Stephen Greenblatt.»

Carlos Hernández Garcés studerte klassiske fag ved  the Autonomous University i Madrid og arkeologi ved Universitetet i Alcalá (Alcalá de Henares) frå 2004 til 2011. Som arkeolog har han arbeidd i lange periodar i Irland, Spania og Hellas, der han i seinare år har teke jammnleg del i to av dei pågåande prosjekta til Det norske institutt i Athen. Som filolog har han erfaring frå oppteikning av lemmata for Det gresk-spanske juridiske bysantinske leksikon frå 2010 til 2012, og sidan 2013 har han arbeidd ved Universitetet i Oslo. Der jobba han først som forskingsassistent med å førebu lemmata innanfor Medicalia Online-prosjektet, og no er han doktorgradsstipendiat i gresk. Fokuset i doktorgradsprosjektet hans er på oppfatting av tid og dei relaterte mekanismane for hukommelse og historie i forminga av ein kollektiv identitet som ein ser i Herodots historier.

 

Panu Heimonen_mellombels.jpgPanu Heimonen frå Helsingfors universitet. Alder: 54

«Origin of the good and evil are to be found in great music and literature.»

Panu Heimonen er utdanna ved Sibelius-akademiet (mastergrad i musikkteori og analyse) og Helsingfors universitet (mastergrad musikologi, filosofi). For tida er han doktorgradskandidat ved Helsingfors universitet. Forskinga hans dreiar seg om musikkanalyse og narrativ teori med bruksområde innan ulike musikalske kontekstar, inkludert musikkframføring. Han har ei særleg interesse for å føre saman narrative måtar å analysere musikk med tradisjonelle teknikkar for musikalsk analyse, slik som Schenker-analyse og musikalsk Formenlehre. Utanom musikken til F. Liszt, jobbar han med musikalske analytiske og narratologiske spørsmål, slik dei relaterer seg til konsertforma i første bevegelse i W. A. Mozarts pianokonsertar. Han har publisert i journalen Res Facta Nova («Concerto Questions»). Hans andre forskingsinteresser inkluderer intertekstualitet i musikkanalyse.