Under ein månad til søknadsfristen: La elevane forske!

07.09.2018

1. oktober går fristen for å søkje om deltaking i Holbergprisen i skolen ut. Gje elevane moglegheita til å forske på eit sjølvvalt område innanfor humaniora, rettslære, teologi og samfunnsvitskapane – med oppfølgjing frå Holbergprisen i skolen og ein eigen forskarkontakt.

Studieførebuande forskingskonkurranse

Holbergprisen i skolen er ein forskingskonkurranse for vidaregåande elevar over heile landet innanfor humaniora, rettslære, teologi og samfunnsvitskapane. Tidlegare deltakarar har erfart at prosjektet både bidreg til djupnelæringa innanfor dei aktuelle faga og er positivt med tanke på å oppfylle måla i læreplanen. Mange av elevane opplever også at arbeidet med elevprosjekta er eit godt grunnlag for vidare utdanning og seinare yrkesliv.

På bakgrunn av søknadane som kjemt inn, vert det valt ut inntil 20 deltakarskular. Somme gonger har elevane og læraren diskutert deltaking på førehand, medan andre gonger tek læraren elevar med på prosessen etter at søknaden er sendt inn og skulen er valt ut til å delta.

Eikeli vgs_0.jpgLærarane Hege Elisabeth Solheim Ruud og Grethe-Marie Osa Jensen ved Eikeli vgs. starta prosjektet med å setje seg ned og skipa ei temaliste ut frå læreplanane i dei relevante faga. Lista presenterte dei så for elevane. Temaa var opne og oppmuntra til vidare fordjuping, slik at elevane fekk moglegheit til å definere og påverke prosjekta sine ut frå forslaga. Det var også lagt opp til at elevane kunne velje litt utanfor dei oppsette tema, for å sikre engasjerte og motiverte elevar.

Holbergferden

Gro Reppen frå Heggen vgs. omtaler deltakinga i skuleprisprosjektet som “Holbergferden.” I starten av ferda, vert dei involverte lærarane inviterte til Bergen for eit todagars lærarseminar. Seminaret har ulike tema kvart år, og byr på ulike føredrag om aktuell forsking frå dei ulike fagområda og rikeleg med tid til diskusjon om etikk, metode og fag. Det vert også fokusert på korleis elevane kan gå fram når dei skal forske, og lærarane vert kjende med formål, forventingar og fristar i prosjektet.

Forskarkontakt

Deltakarskulane får besøk av Holbergprisen sitt sekretariat, og det vert skipa kontakt med ein forskarkontakt som hjelper elevane i gang med prosjektet. Forskarkontakten kjem frå ein høgare utdannings- eller forskarinstitusjon i nærleiken av deltakarskulen og følgjer opp elevane og lærarane gjennom heile prosessen. Forskarkontakten kan mellom anna hjelpe med alle spørsmåla som melder seg i byrjinga: Korleis skal vi finne svar på det vi lurer på? Kva er eigentleg eit godt forskingsspørsmål? Kva er – og korleis gjer vi – etiske vurderingar? Korleis kan vi nytte relevante metodar og analysere funna på ein god måte?

Ein annleis skulekvardag

skoleholberg25.JPGTBR_1540_red lite.jpg

Samarbeidet med forskarkontakten, og den prosjektbaserte arbeidsmetoden gir grunnlag for ei anna oppleving av læring enn det elevane får i den vanlege skulekvardagen. Jan Erik Johannesen frå Setesdal vgs. skildrar invitasjonen frå Holbergprisen i skolen som «ei gåve frå himmelen» til ein klasse med varierande motivasjon. Skuleprisen kan aktivisere og utfordre elevane på ein heilt annan måte enn det den «ordinære» skulekvardagen kan gjere. Arbeidet med prosjekta gir elevane høve til å dykke djupt ned i eit emne dei sjølve er interesserte i, og gir dei stor fridom med tanke på tids- og metodebruk. 

Elevane arbeider med forskingsprosjektet sitt gjennom heile året. Dei kan jobbe i grupper eller individuelt. I denne prosessen må læraren sjå både på elevane sine føresetnader, deira ønskjer og også kva som let seg gjennomføre ut frå elevane sin situasjon og motivasjon. Ved Eikeli vgs. bestod prosessen av at elevane delte seg inn i grupper som arbeidde med kvart sitt prosjekt. Til slutt hadde dei eit utval på elleve oppgåver. Etter ein intern rangeringsprosess vart tre av desse valde ut for innsending til vurdering av Holbergprisen i skulens fagjury.

Fagjuryen vel ut finalistane

Når deltakarskulane har sendt inn sine bidrag, vert dei vurderte av Holbergprisen i skolen sin fagjury på årets jurymøte. Juryen ser då mellom anna på bruk av eksisterande forsking, medvit om – og bruk av – metode, tematikk og funn. Ut frå alle dei innsendte bidraga vel juryen ut tre finalistar som vert invitert til Holberguken, og vinnaren vert annonsert av forsking- og høgare utdanningsministeren under ein eigen seremoni for Holbergprisen i skolen.    

Kva lærer elevane?

ludvigsen2015.JPGJamfør Ludvigsen-utvalet er det eit mål at djupnelæring skal verte ein meir sentral del av undervisninga i framtidas skule. Djupnelæring er annleis enn enkel faktalæring eller “pugging” gjennom at eleven utviklar “[…] forståelse av begreper, begrepssystemer, metoder og sammenhenger innenfor et fagområde. Det handler også om å forstå temaer og problemstillinger som går på tvers av fag- eller kunnskapsområder” (NOU 2015:8, s.14). I følgje lærarane ved Eikeli vgs. var det at elevane fekk tid og høve til å konsentrere seg om eit sjølvvalt tema over lengre tid ein viktig og positiv del av deltakinga. Gjennom at elevane sjølve utforskar ei problemstilling, hentar inn kjeldemateriale og arbeider med prosjektet over lengre tid, må dei ta ansvar for eiga læring på ein meir krevjande –  men framfor alt meir utviklande - måte.

Tverrfagleg og læreplanforankra

Fleire av lærarane skildrar det tverrfaglege aspektet i prosjekta som ei positiv utfordring. Til dømes utfordrar skriving av forskingsrapporten elevane si samarbeidsevne og deira evne til å arbeide jamt og trufast  med eit stort skriftleg arbeid. Elevane må tenke kontinuerleg på språk og form, samt kople funna sine til metodebruken og analyse av materialet.  Utbyttet elevane får ved meistring av denne prosessen, skildrast som nyttig på tvers av fag og kunnskapsområder, nyttig for utvikling av sosial og spesifikk fagleg kompetanse og som god førebuing for seinare studiar og yrkesliv.

Kvifor delta?

skoleholberg12.JPGDeltaking i Holbergprisen i skulen gir grunnlag for nye røynsler for både lærarar og elevar. Det gir ein moglegheit til å motivere elevane på ein ny måte, samt gjer elevane moglegheit til å ta ansvar for eiga læring. Deltaking i prosjektet kan gi umotiverte elevar ein ny giv ved at det vert eit fint avbrekk frå den vanlege skulekvardagen, samt motivere fagleg sterke elevar med nye utfordringar. Framfor alt er skuleprosjektet ei framifrå førebuing til vidare studium, og kan skipe både faglege og sosiale kontaktar som kan verte nyttige for elevane i deira framtidige studieløp og karrierar.

Lær meir

Les meir om dei innsendte bidraga frå 2018, grunngjevinga for prisvinnaren og finalistane i Holbergprisen i skolen 2018, samt forskarkontaktane frå 2018 sine refleksjonar.  Du kan også kontakte sekretariatet direkte på info@holbergprisen.no.

Søknadsskjema Holbergprisen i skolen 2019