Kortlista for Holbergprisen 2018 er klar

24.10.2017

Holbergkomitéen møttest i Wien for å diskutere årets nominasjonar den 19.-20. oktober og har no blitt samde om ei kortliste over aktuelle kandidatar til Holbergprisen 2018.

Under leiing av Pratap Bhanu Mehta, har Holbergkomitéen hatt ein krevjande jobb med å velje ut dei beste kandidatane etter at nominasjonsfristen for Holbergprisen 2018 gjekk ut i midten av juni. Før fristen har det kome inn i alt 87 nominasjonar, på 81 unike kandidatar, eit tal som ligg litt over snittet samanlikna med tidlegare år. Geografisk har eit stort fleirtal av dei nominerte kandidatane bakgrunn frå akademiske miljø i Nord-Amerika og Europa, skjønt mange av desse òg har band til institusjonar i andre delar av verda.

1_Holberg.jpg

I grovinndeling er det flest kandidatar frå humaniora og samfunnsvitskapane, dette også i tråd med trenden ein har sett tidlegare år.

academic fields_HP 2018.jpg

Kortlista er klar - kva skjer vidare?

Medlemmane i Holbergkomitéen er internasjonalt anerkjende forskarar innanfor dei fagdisiplinane prisen dekkjer. Sekretariatet støttar arbeidet deira praktisk, men komitéen står elles heilt uavhengig i si faglege vurdering av kandidatane. Etter at komitéen no har kome fram til ei kortliste, er neste ledd i prosessen at det blir innhenta fagfellerapportar for kandidatane. Rapportane blir skrivne av andre respekterte forskarar med meir spesialisert kjennskap til dei ulike kandidatane sine forskningsfelt. Komitéen fortsetter sitt arbeid utover hausten, blant anna med bakgrunn i rapportane, men òg anna dokumentasjon.

Komitéen møtest igjen i midten av februar og fattar då sitt endelege val om kven dei vil tilråde som mottakar av prisen. Holbergprisen sitt styre veljer holbergprisvinnar på bakgrunn av komitéen si tilråding kort tid etter. Kunngjeringa skjer i midten av mars og blir direktesendt her på nettsida.

Nye moglegheiter i 2019

Alle vitskapleg tilsette ved forskingsinstitusjonar eller akademi kan nominere kandidatar til Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Veit du om ein aktuell kandidat? Meir informasjon om nominasjonsprosessen for Holbergprisen 2019 finn du på denne sida. Nominasjonsskjemaet blir lagt ut i slutten av november.